Saman med lokalt politi har kommunane Bømlo, Fitjar og Stord utarbeidd denne rettleiaren. Rettleiaren er meint til å gje kunnskap om korleis me kan førebyggje, oppdage, møte og følgje opp valdeleg ekstremisme. Den er særlig tiltenkt tilsette i offentlege tenester, private og offentlege arbeisgjevarer, og leiarar i frivillige lag og organisasjonar, men er også relevant for innbyggjarane ellers.

Målet med rettleiaren er at den skal vere eit oppslagsverk der ein kan tileigne seg kunnskap. Rettleiaren inneheld informasjon om omgrep, handlingsplanar, litteratur, kontaktpersoner og lenker til relevante nettstader. Du vil finne tips om uroteikn, avklaring og mogelege tiltak. Rettleiaren skildrar eit handlingsløp; «frå uro til handling».

Rettleiaren er fyrste gong gitt ut i juni 2016